Kva vil du bli når du blir stor, spør det første diktet i den nyeste diktsamlinga til Brynjulf Jung Tjønn. Svaret som dikt-eget gir, har også gitt tittelen på boka: «eg vil bli / ein kvit, norsk mann». Her får du tips til korleis du kan arbeide med eit dikt frå denne samlinga i klasserommet.
Eget i diktsamlinga Kvit, norsk mann er ein gut med eit liv som liknar livet til forfattaren. Guten blir adoptert frå Sør-Korea som treåring, og han veks opp som odelsgut på ein gard på Vestlandet. I fleire av dikta uttrykker guten, og etter kvart den vaksne mannen, eit sterkt ønske: Å bli ein «kvit norsk mann». Då kan han møte nye folk utan at dei snakkar engelsk til han, han kan sleppe å bli tatt for å vere avisbodet i sitt eige nabolag, eller å bli spurt om han kan opne auga meir når han skal bli fotografert, og ingen vil lenger spørje han kor han eigentleg kjem frå. I eitt av dikta stiller dikt-eget det siste spørsmålet tilbake til den kvite, norske mannen:
kjem du frå ei seter oppe i setesdal?
kjem du frå ein høgdegard
der ingen skulle tru at nokon kunne bu?
kjem du frå ei veglaus bygd inst i ein fjordarm?
eller kjem du frå havet?
steig du opp frå havet
og krabba i land ved norskekysten?
hadde du restar av olje i det lyse håret ditt?
hadde du laks symjande i dei blåe auga dine?
kor kjem du eigentleg frå
kvite, norske mann?
eg veit ikkje kor eg eigentleg kjem frå
men eg veit at eg ikkje
avfyrte ei bombe i regjeringskvartalet
ikkje prøvde å skyte gamle menn
i ein moské
og eg veit at
viss eg hadde hatt ein stebror
ein kvit, norsk stebror
så kunne han ha skote meg
på mitt eige soverom
fordi eg ikkje var
ein kvit, norsk mann
Frå Brynjulf Jung Tjønn: Kvit, norsk mann. Cappelen Damm, 2022.
samtale om diktet
Dersom ein skal snakke om dette diktet i klasserommet, kan det sentrale spørsmålet i diktet vere ein god stad å starte. Kvifor står adjektivet eigentleg i kursiv, kan ein spørje. Har nokon her fått det spørsmålet? Kven av oss har aldri fått det? Kva betyr det når nokon spør om dette? Kva seier ein mellom linjene når ein spør slik, og kvifor kan det vere irriterande, provoserande eller vanskeleg å svare på? Ein kan også ta det motsette perspektivet, om det skapar eit større engasjement: Kan spørsmålet vere godt meint? Kan det uttrykke interesse og eit oppriktig ønske om å bli kjent?
Vidare kan ein utforske korleis diktet først leikar med det absurde i å stille eit slikt spørsmål. Ingen «kvit, norsk mann» har nokon gong krabba i land ved norskekysten, slik diktet ironisk foreslår. Vi er alle etterkommarar av innvandrarar, om vi ikkje har komme hit sjølv. Dette kan elevane gjerne få hjelp til å oppdage: Kva veit vi frå naturfag eller historiefaget om kor den «kvite, norske mannen» eigentleg kjem frå? Korleis verkar bilda av mannen med «restar av olje i det lyse håret» og «laks symjande i dei blåe auga» på oss, når vi veit dette? Kven eller kva gjer forfattaren narr av gjennom desse bileta?
Alvoret
Referansane til konkrete terroråtak og drap motiverte av rasisme mot slutten av diktet gir det eit større alvor. Fordi nokon forstår dikt-eget som ein som eigentleg kjem frå eit anna land, har han større sjanse for å bli drepen enn ein kvit, norsk mann, og også større sjanse for å bli drepen nettopp av ein kvit, norsk mann. Inviter gjerne elevane til å reflektere rundt dette: Kva for samanhengar lagar diktet mellom spørsmålet «kor kjem du eigentleg frå» og dei rasistiske drapa?
Den siste strofa gjer det tydeleg at den uroa som dikt-eget kjenner på, handlar om noko meir enn å vere lei av brysame spørsmål. Samtidig er det ikkje opplagt at alle elevar vil vere einige i eller like måten diktet uttrykker dette på. Nokon vil kanskje hevde at eg-et, særleg i den siste strofa, peikar ut alle kvite menn som potensielle rasistar. Som lærar kan det vere lurt å førebu seg litt på dette perspektivet. Om de har boka tilgjengeleg, kan de også sjå korleis forfattaren sjølv førebur seg på kritikken han ser for seg vil komme frå yngre lesarar. I eit av dei siste dikta i samlinga spør han seg om kva barna og barnebarna vil tenkje om han når dei les boka: «han syntest berre synd på seg sjølv / vil dei kanskje seie? (…) / han var like fordomsfull sjølv / vil dei kanskje seie? / kva betyr det å vere kvit? / vil dei kanskje seie / kva vil det seie / å ha smale auge?» Også desse spørsmåla kan danne utgangspunkt for fine samtalar og diskusjonar, om de har tid til det.
diktSamlinga som heilskap
Som heilskap kretsar samlinga Kvit, norsk mann rundt ulike spørsmål om identitet, ikkje berre knytt til hudfarge og etnisitet, men også til det å ikkje kjenne heile sanninga om den tidlege barndommen sin, til forskjellen på by og bygd, og ikkje minst til det å skulle bli bonde med laktoseintoleranse, høysnue og ti tommeltottar. Det overraskar nok ingen at Tjønn – eller dikt-eget – aldri blir bonde. Det siste, vesle diktet i samlinga har same form som det første, men i staden for å spørje barnet kva han vil bli når han blir stor, spør diktet den vaksne om kva han vil bli når han døyr. Svaret samlar fleire av motiva i samlinga, og det kan lesast både i samanheng med, og i kontrast til, svaret i det første diktet:
eg vil bli til norsk
mørk jord
Vedlegg med oppgaver til elev (PDF)
Hver tredje mandag presenterer norskredaksjonen i Cappelen Damm videregående et dikt som vi tror vil skape glede, engasjement, undring eller uorden rundt omkring i klasserommene. Artikkelen i bloggen er ment til læreren, mens vedlegget med dikt og refleksjonsspørsmål kan skrives ut eller deles med elevene på annet vis. Bruk gjerne refleksjonsspørsmålene som utgangspunkt for tenkeskriving, diskusjoner i grupper eller klassesamtaler.