Fagsnakk fra Cappelen Damm

© iStock/Getty Images

Dommarar som ytrar seg

Kor langt kan dommarar ved våre domstolar gå i å uttala seg om rettslege og politiske spørsmål og andre samfunnsspørsmål utan å bli inhabile i framtidige rettssaker?

Dommarar har ei sentral og viktig rolle i vår rettsstat. Det er ei grunnleggjande forventning i samfunnet vårt at den som dømmer i ei rettssak, det vera seg ei straffesak eller sivil sak, er upartisk.
Av denne grunn har vi reglar om når ein dommar er inhabil. Som part i ei rettssak skal du sleppa at han eller ho som dømmer i di sak, er i nær slekt med motparten din. Du skal også sleppa at dommaren går ut i avisa like før rettssaken med sitt syn på kva utfall saka bør få.

Inhabil som ei følgje av meiningsytringar?

Men kva om du som part i ei rettssak får vita at den eine dommaren for nokre år sidan skreiv ein artikkel om eit lovtolkingsspørsmål som står sentralt i di sak, og uttrykte eit synspunkt på dette spørsmålet? Eller kva om du tilhøyrer ein minoritet, og så viser det seg at den eine dommaren har komme med fordomsfulle uttalar om den minoritetsgruppa du tilhøyrer? I ingen av desse tilfella har dommaren uttala seg direkte om den konkrete saka som no er oppe til handsaming.

Det er eit uavklart spørsmål akkurat kva som skal til for at ein dommar skal bli inhabil i denne typen situasjonar, og i andre situasjonar kor dommaren har komme med meiningsytringar. Rettspraksis frå vårt eige og andre land, saman med rettspraksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen, viser at ein dommar kan bli inhabil i denne typen situasjonar. Det skal imidlertid gjennomgåande mykje til.

 

© iStock/Getty Images

Betydinga av eit ope sinn

Det er nemlig eit viktig omsyn at habilitetsreglane ikkje skal komma i vegen for at dommarar kan utvisa eit fagleg engasjement eller engasjera seg i den generelle samfunnsdebatten. Samstundes er det eit grunnleggjande perspektiv er at den som er part i ei rettsssak, kan forventa at dommaren skal lytta til og vera open for den argumentasjon som blir framført i rettssalen. Eit berande synspunkt blir difor at jo større grunn det er til å frykta for at dommaren reelt sett ikkje har eit ope sinn med omsyn til dei rettslege og faktiske spørsmåla som ei sak gjeld, jo sterkare grunn vil det vera til å finna dommaren inhabil.

Betydinga av dei konkrete omstenda

Dette gjer at både dei konkrete omstenda kring ytringa og rettssaka, og særtrekk ved forskjellige typetilfelle, får stor betyding for habilitetsvurderinga. For å visa til eit heilt konkret døme: om ein dommar tidlegare har uttala seg om eit rettsleg spørsmål som rettsvitskapleg forfattar, vil dette i utgangspunktet ikkje føra til inhabilitet; om ein dommar tidlegare har uttala seg om eit rettsleg spørsmål som ledd i arbeidet med å førebu ei lov, vil dette fort føra til inhabilitet. Det kan verka merkeleg at habilitetsvurderinga artar seg så forskjellig i desse to typetilfella, men det gjer ho altså. I denne boka ser eg nærare både på desse to situasjonane og ei rekkje andre situasjonar kor ein dommar blir hevda å vera inhabil for å ha komme med meiningsytringar.

Les mei om boka Dommarar som ytrar seg av Ola Johan Settem

Foto: Rose Iren Settem

Ola Johan Settem

er førsteamanuensis i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Han har master i rettsvitskap og PhD frå Universitetet i Bergen. Han har tidlegare arbeidd mellom anna som dommarfullmektig i Bergen tingrett og som advokat i Kluge advokatfirma.

Hold deg oppdatert på Fagsnakk