Jul på norsk – kultur, kos og konflikt
Juletida me nå er inne i, er tettpakka med symbol og forteljingar om kva norske juletradisjonar inneber. Overalt dukkar det opp referansar som kan fortelja oss om korleis religion, kultur og samfunn er tett vovne saman, og om korleis kontakt og migrasjon over landegrenser også speler inn. Figurar som Santa Lucia, nissar og Jesusbarnet vitnar om eit samspel av kultur, kos og konflikt. Kanskje kan det også fortelja oss noko meir om kva slags rolle religion speler i samfunnet vårt?