Fagsnakk fra Cappelen Damm

Lyskrans til Lucia-feiring

Jul med sine utøymelege tradisjonslag, forteljingar og symbol viser at sekulære og religiøse krefter og orienteringar lever godt i saman. (Foto: Henrik Gustafsson/Gettyimages)

Jul på norsk – kultur, kos og konflikt

Juletida me nå er inne i, er tettpakka med symbol og forteljingar om kva norske juletradisjonar inneber. Overalt dukkar det opp referansar som kan fortelja oss om korleis religion, kultur og samfunn er tett vovne saman, og om korleis kontakt og migrasjon over landegrenser også speler inn. Nett korleis desse storleikane opptrer i saman og for seg sjølve, og korleis og korfor dei får det innhaldet dei har, er del av religionsvitskapen sitt undersøkingsområde. I boka Mennesker, meninger, makter: En introduksjon til religionsvitenskap (skriven på bokmål), ser me på ulike døme og forskingsperspektiv på dette samansette feltet. Som ein smakebit på perspektiv og innsikter eit kulturanalytisk religionsstudium kan gje, vil me her reflektera kring korleis sentrale julefigurar oppsummerar slike komplekse fenomen. Figurar som Santa Lucia, nissar og Jesusbarnet er overalt for tida, og vitnar om eit samspel av kultur, kos og konflikt. Kanskje kan det også fortelja oss noko meir om kva slags rolle religion speler i samfunnet vårt?

Jul som kultur: Santa Lucia

Lucia-dagen blir nett nå feira i dei fleste barnehagar rundt om i landet, og også i mange skolar på småskoletrinnet. Paradoksalt nok er noko av det mest «kulturlege» i det norske julemangfaldet knytt nettopp til Santa Lucia, ein katolsk sør-italiensk helgen. Ho blir oppfatta som kultur snarare enn religion, som ein figur me friksjonslaust kan forholda oss til, ulikt korleis ein i barnehage- og skolesamanheng kan problematisera det å sjå Jesusbarnet framheva som julebodskap. Kva skuldast dette?

Primært er det nok fordi Lucia-feiring er ein ganske ny tradisjon hos oss, assosiert med barn og barnehagar. Det er noko «uavklart», «ennå ikkje forma» ved tradisjonen, noko vaksenkulturen ikkje treng å frykta eller ta på fullt alvor. I barnehagar som jo ikkje skal feira, bare markera og gje kunnskap om, tradisjonar og høgtider, feirar ein med sjølvsagt glede Luciadagen. Ikkje ein gong human-etikarane opplever dette som plagsamt religiøst. Det er ungane sin dag, ungane og lyset dei representerer. Feiringa er større i Sverige; velståande svenskar var luciatradisjonsberarar gjennom heile det historiske komplekset med reformasjon, kommersiell lucia-kåring og barneopptogutvikling.

Det at Lussi lurer i bakgrunnen, bidrar nok også til å dempa eller nøytralisera det kristen-katolske ved dagens feiring: Lussi er ho som i nordisk folketru var ei kvinneleg vette som «opna» juletida på lussinatta 13. desember, og som hadde det med å riva i sund piper viss ikkje folk var i rute med alt julearbeidet. Lussi var ein farleg, men æra, representant for dei underjordiske, både lydleg blanda i saman med Lucifer og prega av dette, og i nokre segn Adam si fyrste kone, som Lilith i gammeljødisk tradisjon. Lussekatt-bakverket er eitt minne om henne. Å gå Lossi 12. desember er ein heimleg parallell til det nyare «å gå halloween».

Lussekatter
Foto: bonchan/Gettyimages

Det er likevel helgenen Lucia sitt offer som utgjer ei litt uklar rammeforteljing for vår moderne feiring. I katolsk tradisjon er ho lyssymbol ved at ho døydde med ei brennande lampe i handa, men ho er også dei synshemma sin skytshelgen. I nokre forteljingar fekk ho auga stukke ut, og ho blir gjerne avbilda med auga liggande på eit fat ved sida av seg. Det passar ikkje så godt med svenske lucia-missekåringar eller med barneopptog. I Norge er altså Lucia barnekultur, men i Sverige er det også i større grad symbol for svenskheit – noko ei mediesak i 2016 viste, med oppheita debatt fordi ein reklamekampanje viste ein mørk gut som Lucia. Då var det heilt andre prosessar som spelte seg ut.

Som lyssymbol kommuniserer Lucia også element som inngår i gammal nordisk kultur så vel som i andre kulturar. Vintersolverv har truleg blitt markert til alle tider, som ei påminning om at sola snur og at det går mot lysare tider. Tilsvarande lys-markeringar feirast av hinduar, sikhar og jainar verda rundt i årets siste månadar, også i Noreg. Frå gamaliransk tradisjon kjem yalda, ei feiring som fell saman med vintersolverv kring 21. eller 22. desember. Norskiranarar feirar yalda med å lesa dikt av den iranske poeten Hafez, som ei påminning om årets lengste og mørkaste natt. Raude frukter som granateple og vassmelon inngår også tradisjonelt i feiringa. Sjølv om dei fleste iranarar vil peika på yalda som ei kulturell feiring, har også denne tradisjonen bakgrunn i religion, nærare bestemt zoroastrisme. I diaspora får yalda-feiringa uansett ei spesiell tyding, som ei påminning om gammal iransk kulturarv og tradisjon. Ho inngår også i dei norske førjulstradisjonane.

Såleis ser me at religion og kultur i saman tilbyr eit symbolreservoar som blir aktualisert av ulike aktørar, og som får ulike uttrykk etter kva historisk samanheng og samfunnskontekst dei inngår i. Det som til ei kvar tid er idear og vurderingar som ikkje treng eiga forklaring eller særskilt vern, kallar me hegemoniske oppfatningar eller fortolkingar. Lucia som ein barne-kulturleg, ikkje-religiøs og ikkje-misjonerande, feminin figur, er døme på eit slikt fortolkingshegemoni.

jul som Kos: Nissen – gardvorden, tomtegubben og Sankt Nikolas

Julenissen er eit overskridande vesen, og julesongane om han er dei koselegaste, muntraste, dei barnlegaste. I skole og barnehage snakkar, syng og teiknar ein mest ubesværleg om nissen, sjølv om han er ein representant for dei underjordiske, ein magisk fyr som kan fly, ein barneguddom som me tillet at ungane trur på og ber til i ein avgrensa periode.

Korfor er nissen så koseleg? Korfor kan me akseptera nissen og ser han overalt der jul skal seljast inn, medan Jesusbarnet blir vist til trongare rom, bortsett frå i kyrkja? Ein grunn er at nissen appellerer til kjensler kring det sanselege, det jordiske, det hus-, heim- og familieorienterte. Han symboliserer det uhøgtidelege og leikne, det som høyrer livet til, her og nå på jorda, og på trass av vintermørket. For barna representerer nissen likevel definitiv høgtid og liminal, overskridande tid – når det kjende opphøyrer og det ukjende viser seg – i augeblinken julenissen står på døra og vil inn.

I motsetning til feminine, oppofrande og lysande Lucia, er nissen ein maskulin figur full av livskraft og rampestrekar. Dette handlar om at den norske nissen er endå eit blandingsprodukt, av småfolket, representert ved haugbonden eller fjøsnissen og den moderne julenisseversjonen av den kristne Sankt Nikolaus, ein gåvmild og barnekjær biskop frå Tyrkia, som leid martyrdøden på 300-talet. Helgenen blei for alvor kopla til julefeiringa fyrst på 1800-talet, før det  var han ein gåvebringande figur i ulike Nikolausfeiringar i kyrkja, på minnesdagen 6. desember, på norsk Nilsmesse.

Julenisse
Foto: Gettyimages

I fleire skular blir elevar som søkjer fritak frå å delta på skulegudstenester satt til å læra om nissen sitt opphav eller laga nissepynt, som ei alternativ julemarkering til det å gå i kyrkja. Gammal nordisk tru på småfolket, haugfolket, vettene og tussane, som (fjøs-) nisseførestillinga høyrer til, hadde ymse lag av forståing kva gjaldt desse vesena sitt forhold til liv, død og reproduksjon. Dvergane blir til dømes i eddadiktet Voluspå framstilt som eit reint maskulint kollektiv, som bur i berg og smir gjenstandar, kanskje også mennesket si form, medan menneskelege kvalitetar blir gjevne til Ask og Embla av gudane. I folketrua kunne haugfolket bergta både kvinner og menn, og alle desse underjordiske vesena kan ha hatt koplingar til fortidige forståingar av meir-enn-menneskeleg slektskap i fleire dimensjonar og retningar. Jula har vore ei tid då både dei døde og underjordiske i særskilt grad ga seg til kjenne og måtte blidgjerast og ærast. At me i dag opplever nissen primært som koseleg, viser at dei mørkare, djupare laga av ætte-forståing eller tolking kring jul, er komne meir i bakgrunnen. Men det er ikkje så lenge sidan ein dekka på til slekta sine nyleg døde til jul. I ein del paganistisk inspirerte sirklar, framhevar ein dei mørkare og villare versjonane av overskridande jule-vesen, som den kontinentale Krampus og den islandske, skumle julekona Gryla og julesveinane hennar.

I vår tid er julenissen uløyseleg knyta saman med kommersielle krefter, med handelsstanden som gjerne får resten av inntektsåret sikra gjennom folks julehandel. Ein figur som er mild og gåverik, ikkje tvitydig og med bod frå underverda, er då kulturelt føretrekt formidlar av materiell overflod.

jul som Konflikt: Jesusbarnet som i krybba låg

At konflikt oppstår kring figuren Jesus Kristus, er både rett og feil. Opp gjennom tidene har kristendommen hatt ulike posisjonar i samfunnet, og konfliktpotensialet kring Jesus som Folkefrelsaren har tilsvarande variert. Dei gamle maktene som blei æra kring religionsskiftet, fortsette å gjera seg gjeldande, om enn i meir skjult form. Der ein før «drakk jul» og skålte for Odin, Njord og Frøy, for dei døde og for godt år og fred, skulle ein i følgje Håkon den gode nå feira som andre kristne og halda helg så lenge ølet varte: med Gulatingslova skulle ein ikkje lenger blota til heidenske gudar, men signa ølet til takk til Krist og Sankt Maria, til godt år og fred.

Både nissen og juletreet er gamle symbol som utgjer bruer mellom før-kristen og kristen jul, sjølv om juletreet i nåverande form er av yngre dato. For ikkje så lenge sidan hadde ein ikkje juletrær i kyrkjerommet, ennå er det heller ikkje alle menigheiter som vil ha det, det blir oppfatta som heidensk. Men koplinga Gud – Jesus – juletre finst jo også i folkelege juleforteljingar, og det er ikkje vanskeleg å gje kristne tolkingar til alt som har med treet å gjera – kanskje med unntak av grisar og geiter som pynt!

Visuelt og populærkulturelt er Jesusbarnet sitt julenærvær meir avdempa: me har stjerner, ikkje små glødande babyar, i vindauga, julekrybbe som utstilling finn du helst i dei fåtalige, kristne butikkane, Jesus er nær fråverande i NRK sine julekalendrar, og julesongar sunge i fellesavslutningar blir eit problem om dei handlar om Jesus, men ikkje om nissar. For ikkje å snakka om den evige diskusjonen om julegudstenester i skolesamanheng, der forestillinga om småfolk og nissen som magisk gåvegjevar gjerne blir det «ikkje-religiøse» alternativet, som nemnt over.

Er det litt stusseleg at Jesus skulle vera problematisk og konfliktskapande i den store fellesjula, når ikkje nissar og knapt nok englar er det, og når familiar som aldri elles går i kyrkja, faktisk gjer det på julaftan? Det er forståeleg at det blir slik: kristendom og frelsesbodskap er tradisjonelt forbunde med eit alvor og ei forplikting som ein nok ikkje assosierer med den populærkulturelle, folkelege jula eller med restane av den før-kristne jula. Når jula er ein salig og svært livskraftig miks av børs og katedral, av det materielle og det åndelege, det overflatiske og det inderlege, blir Gud som steig ned til jorda som eit lite barn i Betlehem, eit krevjande paradoks.

Ein som formidla dette paradokset på stillferdig, men kraftfullt vis, er Alf Prøysen. I hans julekveldsvise er det folkelege strevet og gleda over jul innleiinga, medan han går over til å fortelja juleevangeliet. Men det er refrenget me synst er aller finast, der me syng om at julestjerna lyser over taket der «a jordmor-Matja bor». Slik greier Prøysen å velsigna dei som kjenner kvinnestrevet ved livets mysterium, fødselen, best – det mysteriet kristendommen fortel at Gud tydde til å då han ville frelsa verda.

Jul på norsk kan altså bety kultur, kos og konflikt – men ein kunne også tematisert jula som fellesskap, familie og fred – eller på andre måtar; for mange blir jul også utanforskap, ufred eller prega av sakn, tap og sorg. Jula sine utøymelege tradisjonslag, forteljingar og symbol viser at sekulære og religiøse krefter og orienteringar lever godt i saman, ja, faktisk nærar og forsterkar kvarandre. Desember månad er såleis eit særsyn i året, og ein god periode for å reflektera og undrast i saman.

Marianne Hafnor Bøe og Anne Kalvig Mennesker, meninger, makter. En introduksjon til religionsvitenskap

I "Mennesker, meninger, makter" gir forfatterne en grundig og lettlest innføring for studenter i religionsvitenskap, og for studenter i andre fag der religion står sentralt. Boka står i en kulturanalytisk tradisjon der religion anses som en integrert del av kulturen.

Marianne Hafnor Bøe

Førsteamanuensis i religionsvitenskap ved Universitetet i Stavanger

Anne Kathrine Kalvig

Professor i religionsvitenskap ved Universitetet i Stavanger.

Hold deg oppdatert på Fagsnakk