Fagsnakk fra Cappelen Damm

"Etter oljen. Vår bioøkonomiske fremtid" diskuterer forskjellige aspekter, muligheter og utfordringer ved en overgang fra olje til bioøkonomi

Frå fossil kapital til bio-kapital?

Kan bioøkonomien bli ei vidunderlig ny verd etter oljen? Korleis bør vi i så fall innrette ein slik økonomi?

Fornybare biologiske ressursar

Tanken om ein bioøkonomi byrja å veksa fram seint på 1990-talet, då med utgangspunkt i at nye innsikter i genetikk ville kunna skapa grunnlag for eit heilt nytt økonomisk system basert på fornybare biologiske ressursar som ville få revolusjonerande konsekvensar over heile verda. Uti dei første åra av 2000-talet byrja også tanken om ein bioøkonomi å koma inn i den offentlige debatten, og særlig EU vart offensive på å villa gjera dette om til politisk og økonomisk røyndom.

Berekraftig vekst vart her eit sentralt omgrep

Av dette skal me merka oss at ja, visseleg er bærekraft viktig for bioøkonomien, men den skal altså først og fremst sikra vidare vekst. Det same gjeld for den norske bioøkonomistrategien som kom i 2016. Her er det altså ikkje automatisk snakk om eint anna økonomisk system, inga reell sirkulær økonomi som ikkje baserast på evigvarande vekst.

Fornybare ressursar

Ved berekraftig vekst basert på fornybare ressursar (som me dermed kan kalla bio-kapital), ser regjeringa i den norske bioøkonomistrategien føre seg at me skal skapa ny industri og giv i heile landet. Her skal både tradisjonelt jordbruk, skogbruk og akvakultur få ein ny gullalder i lag med nye næringar basert på bioteknologi. Slik står det skrive. Men her skal me vera varsame.

Bioteknologiens interne logikk

Paradoksalt nok er det slik at etter kvart som teknologien si evne til å omdanna biomasse aukar, vil den ha bruk for stadig færre og mindre kvanta av biomasse – og trulig vil andre typar biomasse enn det me finn i dei tradisjonelle bionæringane få stadig større betydning. Då kan me snakka om «substitusjon» – at bioteknologien erstattar eksisterande verdikjeder og lagar heilt nye verdikjedar. Her snakkar me mellom anna om gjær og cellekulturar som kan og vil bli utvikla i laboratorium og fabrikkar, som kan erstatta det som veks eller det som dyrkast ute i naturen. Det ligg ikkje innebygd i bioøkonomien å bruka tradisjonelle biologiske ressursar til det beste for folk og samfunn. Bioteknologiens interne logikk er berre å omdanna biomasse for å skapa verdi og det me kan kalla bio-kapital.

Framvekst av syntetiske dyreprotein

Eit godt døme på dette er framveksten av syntetiske dyreprotein. Det finnast alt no selskap på den globale marknaden som tilbyr iskrem der mjølkekomponenten er laga frå gjærkulturar i eit laboratorium. Dette er berre starten på ei produksjonsform der alt frå kjøttdeig til mjølk og fiskekjøt kan produserast i laboratorium. Korleis skal til dømes norske bønder og fiskarar konkurrera mot eit syntetisk produkt som vil bli billigare, som vil sleppa ut mindre klimagassar, som vil bruka mindre vatn, eit produkt der både dyrevelferd og antibiotikabruk blir irrelevant – men som vil ha dei same eigenskapane som vanleg mjølk og kjøt? Her kan me lett sjø føre oss at syntetisk produksjon kan koma til å utradera dei tradisjonelle landbruks og fiskarnæringane.

Ei klar retning

Dersom me ikkje har ei klar retning for kor me vil med bioøkonomien er det ein fare for at den i staden for å gi vekst og velstand til tradisjonelle næringar i heile landet kan enda opp som konsentrert biokapital i enorme bio-fabrikkar som er heilt lausrivne frå lokale ressursar og lokalt eigarskap.

Me må sørgja for at den bioteknologiske utviklinga ikkje skapar ein bioøkonomi som er lausriven frå lokalsamfunn og lokale ressursar, slik som det lett vill kunna bli til dømes med produksjon av kunstig kjøt i bioreaktorar. I staden for eit bygdelandskap av bioreaktorar som er eigd av internasjonal storkapital bør me sørgja for eit landskap av råvareprodusentar og fordelarar i ein lokalt forankra bioøkonomi.  Korleis kan ein unngå det?

Mykje av svaret ligg i historia

I den norske historia har me ein tradisjon for forvaltning av både fossil kapital og av fornybare ressursar som vasskraft og landbruk. Gjennom demokratiske prosessar som har vore lange og til dels harde har me i Noreg fått på plass eit forvaltningsregime for desse ressursane som i større og mindre grad har kontrollert kapitalen og sørgja for at verdiar har kome befolkning og samfunn til gode. Her er det tale om konsesjonslover for vasskraft, grunnrenteskatt for olja og eigedomslovverket i landbruket.

Institusjonar under press

Dette veit dei fleste med litt kunnskap om norsk historie og samfunn. Men dei fleste som følger med veit også at slike institusjonar er under stadig press i dag. Så langt er det ingen grunnrente på den fornybare vindkrafta som byggjast ut, grunnrente på havbruk og oppdrett er det stor usemje om. Lovverket i landbruket søkast stadig å opp mjukast. Me lever i ei nyliberal tid der kollektiv kontroll gradvis pulveriserast til fordel for kapitalen sin uhemma fridom.

Koronavirus herjar

Det er framleis den globale fossile kapitalen og evig vekst som rår. Men sjå; koronaviruset som no herjar verda sett støkk i den frie finansen og i børsane. Oljeprisane søkk. Kan me klara oss utan vekst? Spør folk, og er trugande til å svara nei, i alle fall ikkje innan for den fossile økonomien.

Det er vanskeleg å seie om ein eventuell bioøkonomi vil vera betre rusta mot noko slikt. Likevel kan vi spørje om ikkje ein fornuftig regulert og lokalt forankra bioøkonomi som er kopla frå den fossile vekstlogikken ikkje vil vera så utsett for svingingar i forbruket?

Større likskap og fordeling kjem til

Kanskje kan til og med ein bioøkonomi driven på den rette måten vera med på å byggja opp ei meir biologisk mangfaldig og robust jord der slike eventuelle epidemiar ikkje så lett oppstår? I boka The Great Leveler viser Walter Scheidel at det historisk stort sett berre har vore gjennom katastrofar som krig eller epidemiar at større likskap og fordeling kjem til. Kan koronaviruset få augo våre opp for at me treng ein anna type økonomi? Ein økonomi etter olja.

Rob Burton

Rob Burton er ph.d. i geografi og forsker I ved Ruralis. Som leder av prosjektet BIOSMART har Burton vært sentral i å utforske utviklingen av den norske bioøkonomien.

Eirik Magnus Fuglestad

Eirik Magnus Fuglestad er ph.d. i historisk sosiologi fra universitetet i Edinburgh og jobber som forsker ved Ruralis. Han er også aktiv skribent i skjæringsfeltet mellom jordbruk, politisk sosiologi og historie.

Hold deg oppdatert på Fagsnakk