Fagsnakk fra Cappelen Damm

Utsnitt av bil på en skogsvei i skumringa.

Anna Kleiva: Vårar seinare

I samlinga Vårar seinare av Anna Kleiva (2014) handlar mange av dikta om unge menneske som mistar livet i bilulykker. I diktet vi skal lese, er det vår, og «bilane renn gjennom gatene»:

 

bilane renn gjennom gatene
tek hol på våren
med eit sveiv

og noko mørkt veks
i ansikta bak frontrutene

som om vegen dei følgjer ikkje er den
framfor seg, men ein innover, bakover
til ein ør stad i hjernen

det heiter seg
at ein ikkje skal tenkje på slikt

dei tenkjer på slikt likevel
det kjem som ein farge, eit hjarteklapp
eit stup, eit sinne, ei togn
ein mangel, ein latskap

eller eit bremsespor, ei svart
stripe mellom viljen og motviljen

Frå Vårar seinare, Oktober, 2014

 

Når eg les diktet, er det som om eg står i vegkanten og prøver å feste meg ved ansiktet til alle sjåførane som køyrer forbi meg. Om du vil jobbe med diktet i eit klasserom, kan du aktivere elevane allereie her: Har dei stått ute ein stad og sett bilar «renne» forbi? Kva ser vi når vi står slik? Ser vi kvar enkelt bil, eller blir trafikken ein straum? Og korleis ser bilistane ut når vi ser dei frå utsida, i fart?

Ansikta bak frontrutene

I diktet er det mørke i ansikta bak frontrutene. Kanskje kan elevane kjenne seg igjen i sjåførane som ser «innover, bakover / til ein ør stad i hjernen». Vi har vel alle slike svimle stader i hjernen der mørke tankar kan vise seg på ulikt vis: konkret i kroppen som eit hjarteklapp, som sinne eller togn, eller meir abstrakt og underleg, som «ein mangel, ein latskap».

I Kleivas dikt er det dei som burde ha fokus på vegen, som forsvinn inn i slike tankar. I utgangspunktet kan dei svimle tankane vere kva som helst, men når vi først veit at samlinga som heilskap krinsar rundt ulykker i trafikken, er det lett å tenke i den retninga. Kanskje blir sjåførane plutseleg redde for å miste medvitet nokre sekund, og dermed også kontrollen over bilen. Ser dei for seg at dei sjølve kan døy, eller tenker dei på risikoen for å drepe andre? Kanskje opplever dei også eit blaff av eit ønske om å døy? Er det derfor «det heiter seg / at ein ikkje skal tenke på slikt» når ein køyrer?

Bremsesporet

Det at bremsesporet er ein måte dei mørke tankane kan vise seg på, gjer at samanhengen mellom tankane og bilkøyringa blir tydeleg. Her kan vi spørje kva for nokre assosiasjonar elevane får når dei ser bremsespor i asfalten. Sjølv tenker eg ofte på om den bilen som måtte bråbremse, klarte å stoppe i tide. Slik markerer bremsesporet grensa mellom liv og død. I diktet blir bremsesporet skiljet mellom «viljen og motviljen». Det er eit fint, men også litt urovekkande og fleirtydig bilete. Eg er ikkje sikker, men kanskje kan vi forstå bremsesporet som eit teikn på at viljen til liv trass alt har trumfa motviljen mot livet?

Diktet i klasserommet

Om du vil jobbe med dette diktet i klasserommet, er det mange moglegheiter. De kan snakke om dei enkelte delane av diktet, slik vi har begynt å gjere her, eller de kan snakke om stemninga i diktet som heilskap. Kanskje kan elevane finne bilete eller musikk som passar til teksten? De kan også reflektere rundt korleis det påverkar oss å køyre bil eller reise på andre måtar. Skjer det noko med tankane våre når vi er i bevegelse? Skjer det noko med samtalane våre når vi ser på vegen, og ikkje på kvarandre?

I vedlegget finn du refleksjonsspørsmål du kan bruke som utgangspunkt for ein samtale, eller som du kan dele ut til elevane dine. Lykke til!

Vedlegg med oppgaver som PDF.

 

MANDAGSDIKTET

Hver tredje mandag presenterer norskredaksjonen i Cappelen Damm videregående et dikt som vi tror vil skape glede, engasjement, undring eller uorden rundt omkring i klasserommene. Artikkelen i bloggen er ment til læreren, mens vedlegget med dikt og refleksjonsspørsmål kan skrives ut eller deles med elevene på annet vis. Bruk gjerne refleksjonsspørsmålene som utgangspunkt for tenkeskriving, diskusjoner i grupper eller klassesamtaler.

May Lånke

May Lånke er lektor i norsk og har blant annet jobbet på Eikelund videregående skole. Hun er lærebokforfatter på Moment vg1-vg3. Norsk for studieforberedende, og jobber i Cappelen Damm Utdanning med å lage læremidler for videregående skole.

Hold deg oppdatert på Fagsnakk