Fagsnakk fra Cappelen Damm

Ettåring i skitten snekkerbukse løper på strand visualiserer diktet «Reise seg» av Marie Takvam.

Falle – og reise seg att?

Det å sjå eit barn reise seg for første gong, kan vere rørande og fint. Kan vi vaksne falle og reise oss på same måte, som om vi var barn igjen? Eller er førestillinga om den vaksne som reiser seg på nytt og nytt, ein romantisk draum, eller sjølvbedraget til ein sjuk og rusavhengig forfattar?

Diktet «Reise seg» av Marie Takvam er frå samlinga Falle og reise seg att frå 1980:

Reise seg

Den som aldri har lege oppskrubba i utforbakkar,
aldri har halta med gips rundt ankelen,
aldri falle for smil frå lepper
som løynde hoggtenner og blitt oppgnaga nær inntil døden
aldri har vandra i glede mot utstrekte hender
som greip hardt og slo – funne seg liggande i blod
einsam på jorda,
aldri har gått seg vill i skremmande skogar
på leiting etter ein blome med ukjent namn
aldri har stupt i trapper av rusgifter
og svimla i svermar av ukjende stjerner,
har aldri kjent den umåtelege glede
ved å kunne reise seg att, falle og reise seg att,
finne att den første veldige siger langt, langt
tilbake i ein barndom som tida har raka oske over.

Som eingong langt tilbake i urtida, kravlar
eg meg opp på jorda att, først på hender og kne
så står eg på eigne føter og kan gå!

 

Magnus Takvam om mora

I biografien Hun skrev for å kunne leve. Min mor, Marie Takvam (2021) les Magnus Takvam dikta til mora Marie i lys av livet hennar. Takvam legg ikkje skjul på at han les dikta biografisk, og nokre stader kommenterer han også si eiga forståing. Om diktet «Reise seg» skriv han:

For meg er dette Maries programdikt over sitt eget liv og sitt eget ekteskap ti år etter skilsmissen. For andre er dette et dikt som gir håp om at det alltid er en vei ut av mørke og fortvilelse, og at et liv uten konflikt og sorg er et falskt liv. Det er denne lesemåten som gir det verdi for andre, løsrevet fra hennes egen biografi. For meg blir diktet derimot en del av hennes selvbedrag: Kun den som har valgt et liv i rus og fornedrelse, har levd et ekte liv og kan kjenne gleden over å bli fri og reise seg igjen. Jeg opplevde aldri noen gang at hun reiste seg og kunne gå videre som et barn igjen. (Takvam, 2021, s. 61).

Å lese sonen sine ord om mora som aldri reiste seg, gjer inntrykk, og det er eit perspektiv ein godt kan ta med seg inn i klasserommet. Sitatet er interessant: Korleis formar det ein veit om Marie Takvam sitt liv, korleis ein les dette diktet? Har sonen til forfattaren meir rett i tolkinga si enn andre lesarar? Kan begge lesemåtane som Takvam presenterer, vere sanne samtidig?

Likevel kan det vere vel så interessant å undersøke ulike måtar å forstå dette diktet på, utan å gå vegen om biografien. Slik eg ser det, er det som sonen Magnus les som eit sjølvbedrag hos Marie, også til stades som ein konflikt eller ei spenning i sjølve diktet. Når vi granskar biletspråket i diktet, er det mogleg å argumentere for at diktet rommar både det lysande håpet og faren ved å tru for hardt på at det finst.

Å falle

Den første strofa i diktet er ei samanhengande lang og fullstendig setning. Setninga startar med «Den som aldri har…», og så følger ei rekke bilete av ulike fall eller konsekvensane av dei. Dei første bileta er deskriptive og skildrar skadar etter ganske ufarlege fall: skrubbsår og ein gipsa ankel. Deretter følger to meir dramatiske bilete som skildrar valdshendingar utført av nokon ein trur vil ein godt: først å bli «oppgnaga nær inntil døden» av løynde hoggtenner, og deretter å finne seg «liggande i blod / einsam på jorda» etter slag frå utstrekte hender. Medan det er rimeleg å lese det siste av desse som eit deskriptivt bilete, opnar det andre for meir tolking og samtale i klasserommet: Kva kan det å bli oppgnaga nær inntil døden vere ein metafor for? Kva for smil kan skjule hoggtenner?

Dei to neste falla blir skildra med naturmetaforar: først å gå seg vill «i skremmande skogar / på leiting etter ein blome med ukjent namn», deretter å svimle «i svermar av ukjende stjerner» etter eit fysisk fall ned ei trapp i rus. Bileta har eit mystisk drag som minner om naturlyrikken i romantikken, og den suggerande kjensla blir nok også forsterka av dei sterke allitterasjonane på s. Ein gløymer nesten at diktet snakkar om skrubbsår, vald og blod; det å falle får noko vakkert over seg i desse verselinjene. Kanskje er dette den første staden ein kan stoppe opp og leite etter motsetnader i dette diktet:

Kva for kjensler gir desse linjene deg? Korleis står dei i kontrast til linjene før? Om du stuper ned ei trapp i sterk rus: svimar du då i ein sverm av ukjente stjerner? Er det sikkert at det er sånn det kjennest ut?

Å reise seg

Mot slutten av den første strofa kjem ei vending i diktet som startar med «… har aldri kjent den umåtelege glede». Deretter følger to bilete på det å reise seg etter fallet. Å reise seg er først å «finne att den første veldige siger langt, langt / tilbake i ein barndom (…)». Ein treng ikkje å ha sett forfattaren falle for å problematisere dette biletet. Kva betyr det å reise seg som eit barn? Kan eit menneske som har levd ei stund, verkeleg gjere det? Kva er sant i det med at ein må falle for å kunne reise seg att? Kva er vakkert med det? Og kva er problematisk? Finst det fall ein aldri kan reise seg frå?

Den siste strofa er også ei fullstendig setning, men kortare enn den første, nærast som ei oppsummering eller ein konklusjon. Her kjem stemma i diktet til syne som eit «eg», og no er det eg-et sjølv som reiser seg, men som eit vesen langt tilbake i urtida. Igjen skildrar biletspråket ein lengsel etter det tidlege eller opphavelege. Fortel dette diktet oss, enkelt og naivt, at vi alltid kan starte heilt på nytt; at vi kan reise oss som barn eller dyr uansett kva vi har opplevd? Diktet har skildra fall av alle slag: skrubbsår i utforbakkar og å gå seg vill på romantisk vis, men også brutal vald der døden kunne blitt utfallet. Når siste linje sluttar med eit utropsteikn, er det som om eg-et veit det har gått for langt, men at det insisterer i trass: «Så står eg på eigne føter og kan gå!»

Sjølvbedrag eller indre konflikt?

Slik eg les diktet, seier det i fullt alvor at vi falle for å reise oss, og for å få kjenne gleda over det. Eller som Magnus Takvam seier det: at det å leve utan sorg og konflikt er eit falskt liv. Men er det også eit dikt som gir dei fleste av oss håp om at det alltid er ein veg ut av mørke og fortviling? Kanskje er det intensjonen til forfattaren, og kanskje ligg det som eit premiss i teksten. Men diktet peikar likevel på for brutale fall og bruker for naive bilete på det å reise seg til at eg trur heilt på dette. Likevel synest eg ikkje diktet er mislykka. Nettopp kontrasten mellom det realistisk brutale på den eine sida, og dei romantiske undertonane og «himmelen over diktet» på den andre, gjer det interessant. Kanskje er det fruktbart å lese det som ein samtale vi har med oss sjølv når vi har det vondt, eller når vi er freista til å la oss falle. Diktet insisterer på å tru på det å kunne reise seg igjen, men det viser også fram naiviteten som kan ligge i det.

Vedlegg med oppgaver til elev (PDF)

 

Hver tredje mandag presenterer norskredaksjonen i Cappelen Damm videregående et dikt som vi tror vil skape glede, engasjement, undring eller uorden rundt omkring i klasserommene. Artikkelen i bloggen er ment til læreren, mens vedlegget med dikt og refleksjonsspørsmål kan skrives ut eller deles med elevene på annet vis. Bruk gjerne refleksjonsspørsmålene som utgangspunkt for tenkeskriving, diskusjoner i grupper eller klassesamtaler.

May Lånke

May Lånke er lektor i norsk og har blant annet jobbet på Eikelund videregående skole. Hun er lærebokforfatter på Moment vg1-vg3. Norsk for studieforberedende, og jobber i Cappelen Damm Utdanning med å lage læremidler for videregående skole.

Hold deg oppdatert på Fagsnakk