Fagsnakk fra Cappelen Damm

Tenåringsjente med solbriller ser på blomstrende trær

Olav H. Hauge: Du vil berre vera

«Han er ei klippe», seier vi ofte om folk vi kan stole på. Eller «Ho er heil ved». Men vil vi eigentleg vere hardt fjell eller solid trevirke? Eller lengtar vi etter noko anna? Olav H. Hauge seier det slik i eit dikt frå Under bergfallet (1951):

Du vil berre vera

Ikkje leitande rot
i det harde grjot,
ikkje tåg, ikkje tein,
ikkje stomnen i storm,
ikkje audmjuk grein,
ikkje bast, ikkje bork
i frost og snø –
ikkje sevja som stig,
ikkje kraft som kan grø,
ikkje frukt, ikkje frø,
ikkje bladet som byggjer
i stilla sin dom, –
du vil berre vera
den brikjande blom.

«Du vil berre vera» er ein eksplosjon av lyd som gir gjenklang både i kroppen og i lyrikkhistoria. Dei korte verselinjene med alle allitterasjonane kan minne om stavrima i den norrøne poesien, mens dei usystematiske enderima liknar litt på måten mange rapparar rimar på. Gjentakinga av nektingsordet «ikkje» skapar også rytme og klang. Om du skal bruke diktet i klasserommet ditt, kan du gjerne øve deg på å lese det høgt, slik at elevane kan møte lyden av diktet først.

Men kva betyr det?

Dette er eigentleg ikkje eit spesielt vanskeleg dikt, men både unge og vaksne kan trenge nokre ordforklaringar. Grjot er ulike typar stein, mellom anna kleberstein. Tidlegare nytta ein kleberstein til å lage gryter. Orda gryte og graut kjem derfor begge frå grjot, men her er det nok å forstå at grjot er steingrunn. Tåg og tein er greiner og kvistar av rota på eit tre. Noko som er brikjande, lyser med sterke fargar og viser seg fram eller briskar seg. I det vedlagte dokumentet til elevar finn du fleire ordforklaringar.

Om du vil utforske innhaldet i teksten systematisk, kan du la tankestrekane i sjuande og tolvte verselinje dele diktet i tre. Den første delen av diktet skildrar dei delane av treet som alltid er der: rota, stammen og barken. Frosten, snøen og stormen bind dette motivet til vinteren. I den andre delen møter vi frøet, sevja og det som kanskje er det vakraste biletet i diktet: «bladet som byggjer / i stilla sin dom». Her finn vi den konsentrerte krafta i den tidlege våren, kanskje i det som enno ikkje er realisert. I dei to siste verselinjene slår treet – og forhåpentlegvis også du – ut i full blom.

Det er du-et i diktet som bind dei tre delane saman. Du vil ikkje stå i stormen. Du vil ikkje vere heil ved, kan vi kanskje seie, for det er hardt, det kostar. Du vil heller ikkje vere knoppen som enno ikkje blomar. Kven veit kva som skjer med han? Du vil blomstre no, stråle, bli beundra. Vil du ikkje? Eg vil.

Sjølvgransking eller skråblikk?

«Du vil berre vera» går igjen i mange diktantologiar, og i 1976 var det faktisk vedlegg til ei av eksamensoppgåvene i den vidaregåande skulen. I Hauge-forskinga er diktet likevel lite omtala. Idar Stegane (1974) nemner det berre kort i eit kapittel om ironi hos Hauge. Stegane omtalar det som eit av dikta i samlinga Under bergfallet «der sjølvoppgjeret er tyngst». Oppgjeret er så tungt at diktet kanskje ikkje eingong kan reknast om sjølvironisk, meiner Stegane (1974, s. 120).

Slik kan ein sjølvsagt lese diktet. Du kan vere eit forkledt eg som tek eit hardt oppgjer med sitt eige jåleri. Men om det lyriske eg-et er fullt av alvor og sjølvgransking, kvifor leikar det seg sånn med språket? Det er tyngd i rytmen i diktet, eg ser det, men det er også overskot og energi. Derfor vel eg å tolke dei korte, klangfulle verselinjene på ein annan måte enn Stegane. Eg les du som oss alle, og diktet som eit skråblikk på oss, men utan moral. Vi vil vere brikjande blomar, alle saman. Det veit vi at vi ikkje kan. Men eg kan ikkje høyre nokon tone i diktet som fortel meg at det er feil å ville det.

Og diktet, altså akkurat dette diktet? Det blomstrar i alle fall! Eg misliker å lese all lyrikk som metapoesi, men akkurat her er det nok ikkje heilt fjernt å sjå diktet sjølv som den aller mest brikjande blomen.

Vi tek sommarferie frå måndagsdiktet no, men er klare med eit nytt dikt i august. God sommar så lenge!

I det vedlagte dokumentet finn du oppgåver du kan bruke i klasserommet: Vedlegg med oppgåver til elev

Kjelde

Stegane, Idar (1974). Olav H. Hauges dikting. Noregs boklag.

 

MANDAGSDIKTET

Hver tredje mandag presenterer norskredaksjonen i Cappelen Damm videregående et dikt som vi tror vil skape glede, engasjement, undring eller uorden rundt omkring i klasserommene. Artikkelen i bloggen er ment til læreren, mens vedlegget med dikt og refleksjonsspørsmål kan skrives ut eller deles med elevene på annet vis. Bruk gjerne refleksjonsspørsmålene som utgangspunkt for tenkeskriving, diskusjoner i grupper eller klassesamtaler.

 

May Lånke

May Lånke er lektor i norsk og har blant annet jobbet på Eikelund videregående skole. Hun er lærebokforfatter på Moment vg1-vg3. Norsk for studieforberedende, og jobber i Cappelen Damm Utdanning med å lage læremidler for videregående skole.

Hold deg oppdatert på Fagsnakk