Fagsnakk fra Cappelen Damm

Kiruna, Sverige 15. juni, 2018. Rådhuset i Kiruna måtte rives for å prioritere gruvedrift i området. Dørhåndtakene, som er inspirert av samisk kunsthåndverk, ble imidlertid bevart. Foto: Alexander Farnsworth (iStock Editorial / Getty Images Plus).

Ei samisk kulturveke på tiande trinn

Lat oss vere ærlege! Vi planlegg sjølvsagt all undervisning etter læringsmål, så den saken er grei, men har de opplevd at der er nokre kompetansemål de ikkje får jobba like godt og grundig med? Eg liker å planlegge året: periodar, veker, dagane og timane mine. Eg gular ut dei måla eg synes vi har gjennomarbeidd godt. Det gjev ei tilfreds kjensle å kunne hake av mål og ha god samvit for at no har vi ei periode jobba grundig med t.d. samansette tekster. Dei måla som vi bruker veldig ofte, markerer eg grøne.

Eg er alltid nøgd når eg oppdagar at nokre mål har vi brukt fleire gonger gjennom året, og andre svært heldige mål, kjem vi innom nær kvar undervisningsøkt. Nokre kompetansemål eller tema er like i fleire av faga mine, og då prøver eg å økonomisere og få til tverrfaglege oppgåver. Å kople saman mål i samfunnsfag, norsk og kunst og handverk, går fint. Innimellom klarer eg endatil å henge rekning på slike opplegg. Då kan hende måla blir farga rosa av rein fryd!

Eit døme på mål som ofte står att pent brukt, er dei som handlar om urbefolkning og samar.

Eg har likevel dessverre ei tilståing å kome med, for i alle faga mine så kan det vere nokre få kompetansemål som står att anten pent brukt eller fargelause. Eit døme på slike mål er dei som handlar om urbefolkning og samar. Eg synes ofte det er vanskeleg å bruke desse kompetansemåla naturleg og godt i undervisninga, og ofte blir dei ikkje så grundig behandla i ein hektisk kvardag. Denne frustrasjonen gjorde at eg ei tid tilbake sette meg ned og las over alle kompetansemåla etter tiande trinn. I læreplanen såg eg etter om vi kunne finne ein fellesnemnar og utarbeide ei tverrfagleg oppgåve der vi kunne få elevane sjølve til å djupdykke ned i tema urbefolkning og samane si historie.

TVERRFAGLEG OG KREATIVT

På same tid jobba eg på eit team som var kreative og likte å jobbe tverrfagleg, og vi var ein gjeng med ”Ja-det-gjer-vi-lærarar”! Så då forslaget frå underteikna om å gjennomføre ei ”Samisk kulturveke” som oppstarttema første veka i tiande klasse kom opp, blei det ein realitet. Vi laga skisser for dette undervisningsopplegget rett før sommarferien i niande klasse slik at vi hadde mesteparten av opplegget klart då hausten tok til.

Vi luka ut aktuelle kompetansemål frå fag som handla om urbefolkning, og baka det heile saman til eit opplegg vi håpa skulle bli vellukka. Sjølv om prosjektet kvila mest i norsk og samfunnsfag, var det naturleg å trekke inn andre fag som kunst og handverk, naturfag, musikk og KRLE.

Vi var ein gjeng med

”Ja-det-gjer-vi-lærarar”!

Vi jobba tverrfagleg og lot elevane vere med å forme mykje av veka og produkta sjølve. Det var godt for alle å ha ei oppstartveke der dagane rulla litt av seg sjølv og elevane fekk tid saman på grupper for å hente opp att stemninga i klassa frå før sommarferien. I tillegg fordjupa vi oss i eit tverrfagleg tema som ga djupnelæring på tvers av fag og auka forståing for samane sin kultur frå mange vinklingar og innfallsvegar.

ELEVANE SKULLE LÆRE MEST MOGLEG OM TEMA  – FRÅ ULIKE VINKLAR

Produkta til elevane blei ikkje summativ vurdert, men målet var at dei skulle lære mest mogeleg om tema. Vi laga grupper som trakk ulike kompetansemål dei skulle jobbe med. Dei jobba så i gruppene sine og svar på oppgåvene laga dei ut frå kva kompetansemål dei hadde trukke. Gruppene fekk difor ei ulik fagleg tilnærming. Produkta skulle dei vise til målgruppa som var medelevar, og dei skulle presentere funna og kva dei hadde lært, munnleg og visuelt for kvarandre.

Vi fekk sjå og høyre mange ulike presentasjonar og mange arbeid som var bra og erfarte at elevane hadde lært mykje. Fleire elevar uttrykte auka forståing og respekt for historia til samane, og eg trur mykje handla om å få eit overblikk og ikkje minst vere litt lenge i dette tema på ein medvirkande og kreativ måte. Alle let vel og vi var einige om at det var ei vellukka veke!

Eit spanande prosjekt

som opna auga til mange av oss.

I utgangspunktet var dette eit forsøk på å samle og knyte saman kompetansemål vi streva med å få gjennomført godt/tilfredsstillande, men personleg opplevde eg at dette blei eit spanande prosjekt som opna auga til mange av oss. Gjennom slike større, tverrfaglege arbeid får vi gå litt djupare ned i kunnskapen og få svar på dei spørsmåla vi ofte elles ikkje rekk å stille.

Her finn du forslag til korleis ein kan gjennomføre ei ”Samisk kulturveke».

 

Heidi Sande

Heidi Sande har jobba som lærar sidan 1995. Ho er tilsett ved Majorstuen skole i Oslo. Ho har nordisk storfag, historie, forming og PPU i fagkretsen og har leia team og norskseksjonen, og vore ein del av plangruppa ved skulen.

Hold deg oppdatert på Fagsnakk